Kva er homeopati?

 

Det homeopatiske prinsippet vart satt i system av den tyske

lege og farmasøyt Samuel Hahnemann (1755- 1843).

 

Grunnprinsippet i homeopatien er at likt kurerer likt. Det vil sei at den medisinen ein pasient får for plagene sine, kan framkalle same symtoma, som dei pasienten har, hjå ein frisk person.

 

F.eks løk som fører til rennande auge og nase (når vi skjer løk), er utgangsstoffet til ein av dei mest brukte homeopatiske medisinane for allergi (høysnue) med tilsvarande symptom.

 

Det homeopatiske  prinsippet er nevnt allerede frå oldtida. Bl.a. Hippokrates, kalt legekunstens far, gav også medisin etter dette prinsippet. Etter at Hahnemann grunnla homeopatien i Tyskland har behandlingsforma gradvis spreidd seg over heile verda.

 

I Norge har vi hatt praktiserende homeopater frå slutten av 1800 talet. Og i dag er vi ca. 360 homeopater tilslutta Norske Homeopaters Landsforbund (sept.-07). (www.nhl.no)

 

I andre land i Europa er homeopatien meir utbreidd, for eksempel i England der det også er fleire homeopatiske sykehus. Både i Frankrike, Tyskland, Hellas, Belgia og Nederland er det og mange legar som praktiserer homeopati.

 

Homeopati er ei individuell behandlingsform, det vil sei at vi ikkje føreskriv medisinen berre utifrå medisinsk diagnose, men tar hensyn til dei ulike påvirkningane sjukdommen har på personen og personlege egenskapar.

 

Dermed kan for eksempel tre pasienter med migrene få tre ulike medisiner. Dette pga at migrenen arter seg ulikt, og personane ellers har andre ulike småplager, samt at dei har ulik personlighet.

 

Derfor er det viktig med ein grundig gjennomgang og kartlegging av symptoma til pasienten, for å finna den riktige medisinen til vedkomande.

 

Ingunn Melstveit

Registrert Homeopat MNHL

Textfeld: © Copyright - all rights reserved. Designed and Powered by Meisnerweb.dk
Contact at info@meisnerweb.dk

Strandgaten 21  (Bjørnegården )

N-5013 Bergen

 

Tlf +47 55901700

 

Senter for

Klassisk

Homeopati

B e r g e n

 

 

 

Ingunn Melstveit

Reg. Homeopat MNHL

 

melstveit@skh-b.no